Telefon: 715 23 138
Mobil: 905 27 878 (Jon Ingvald)
Mobil: 997 38 133 (Unni)
Adresse:
Røsand, 6530 Averøy
E-mail:
jonike@gmail.com (Jon Ingvald)
underkh@gmail.com (Unni)
© Aqua Naturmedisinske Senter 2010
 

  Forsida
 
  TankeFelt Teknikkar
  CITE
  Reconnective Healing
  Den grøne supermaten  Test 4 Life - Omega 3  LGS og matintoleranse  Detox 2010  Dei nye energiane 2010  Aromamassasje  Fotsoneterapi  Klassisk Massasje  Oppretting rygg og nakke
 
  Besøksadresse og kart

Fotsoneterapi

Fotsoneterapi er ei av dei eldste kjente formene for å stimulere kroppen til å lege seg sjølv. Metoden var brukt i Kina, India og Egypt for 5 000 år sidan, men vart oppdaga på ny i 1917.

 

Fotsoneterapi / Øyreakupunktur

Både fotsoneterapi og øyreakupunktur er refleksterapiar. Det vil seie at heile kroppen speglar seg av i foten og i øyra.

Når dei aktuelle reflekssonene blir stimulert oppstår ein balanserande effekt i tilsvarande organ. Behandlinga vil i tillegg stimulere kroppen til auka utskiljing av avfallstoff.

Ved fotsoneterapi kan ein til vanleg oppnå at blod- og lymfesirkulasjonen blir stimulert når denne frå før er dårleg.

Ei kjensle av ro og velvære i kroppen er vanleg under og etter ei behandling.

 

Symptomreaksjonar ved behandling

Ved å reversere ein ubalanse som fører til helseproblem, kan ulike symptom gjere seg gjeldande i ein kort periode. Ofte kan dette merkast sjølve behandlingsdagen og ein til to dagar etter behandlinga. Sjølve behandlinga kan vera smertefull. Pasienten opplever likevel i dei fleste tilfelle behandlinga som ein “lettelse”.

Pasienten kan oppleve generelle symptom som hovudverk, trøttheit, diaré, sveitting, utskiljing frå slimhinnene og auka urinering. Desse symptoma er forbigåande og blir tolka som teikn på avgifting og stimulering av kroppen si evne til å lege seg sjølv.

 

Kven kan ha nytte av soneterapi?

Barn reagerer lettare på soneterapi enn vaksne. Soneterapi egnar seg difor godt til behandling av fleire typar lidingar hos barn, til eksempel kolikksmerter, diaré og stadige luftvegsinfeksjonar. Eldre pasientar reagerer til vanleg tregare. Likevel kan soneterapi ha ein viktig funksjon i eldreomsorga. Lengda på behandlinga og behovet for fleire behandlingar vil variere med problemtype og alder.

 

Kombinasjon med anna behandling

Soneterapi vekar først og fremst ved å stimulere pasienten si eiga evne til å lege seg sjølv. Behandlinga kan også gi indikasjonar innafor eit vidt område. Difor kan det i ein del tilfelle vera aktuelt å kombinere behandlinga med anna naturmedisinsk behandling. Det kan vera urtemedisin, øyreakupunktur, otopati (øyrelysbehandling), CITE-behandling og fotbad. Til eksempel kan øyrelysbehandling vera gunstig for tinitus (øyresus), øyrebetennelse, trykkproblem, og biholebetennelse med meir.