Telefon: 715 23 138
Mobil: 905 27 878 (Jon Ingvald)
Mobil: 997 38 133 (Unni)
Adresse:
Røsand, 6530 Averøy
E-mail:
jonike@gmail.com (Jon Ingvald)
underkh@gmail.com (Unni)
© Aqua Naturmedisinske Senter 2010
 

  Forsida
 
  TankeFelt Teknikkar
  CITE
  Reconnective Healing
  Den grøne supermaten  Test 4 Life - Omega 3  LGS og matintoleranse  Detox 2010  Dei nye energiane 2010  Aromamassasje  Fotsoneterapi  Klassisk Massasje  Oppretting rygg og nakke
 
  Besøksadresse og kart

LGS (Leak Gut Syndrom) og matintoleranse

LGS (Lekk Tarm Syndrom)

Lekk tarmvegg er eit sterkt undervurdert helseproblem. I mange fagmiljø er det ei forståing av at lekk tarmvegg er årsak til mellom 80 og 90 prosent av alle fyiske og psykiske helseproblem. Med mangelfull produksjon av enzym til spalting av maten vi tar inn, og ubalanse i tarmfloraen, kan det oppstå ei rekkje helseproblem.

 

Matintoleranse

Matintoleranse er ei forgifting i kroppen frå mangelfull nedbryting i fordøyinga vår av mat vi et.

Matintoleranse legg grunnlaget for å utvikle allergi.

Matintoleranse oppstår når kroppen sitt immunforsvar reagerer og går til angrep på ufullstendig spalta protein og glukoprotein frå fordøyinga vår som går over i blodbanen. Mangel på enzym og lekk tarmvegg er årsak til at delvis spalta protein (peptd) kan passere gjennom tarmveggen og bli transportert med blodet til ulike organ i kroppen. Der kan desse stoffa binde seg til overflata på cellene og omdanne våre eigne celler til framandelement i kroppen. Autoimmune lidingar kan bli resultatet.

 

Symptom på matintoleranse (ufullstendig liste)

ü  Forstoppelse

ü  Diaré

ü  “Luft” i magen og oppblåst

ü  Smerter eller ømme musklar

ü  Gikt

ü  Hodepine

ü  Snorkin, uroleg søvn, søvnlaus

ü  Trang til visse matvarer

ü  Overvektig

ü  Undervektig

ü  Problem med stoffskiftet

ü  Rennande eller kløande auga

ü  Posar eller mørke ringar under augo

ü  Biholeproblem

ü  Kraftig slimdanning og nyseanfall

ü  Kronisk hoste

ü  Svelgeproblem/kremting

ü  Betennelse i munnen

ü  Følelse av spenning i brystet

ü  Astma, bronkitt

ü  Øyrekløe

ü  Øyresus

ü  Akner, kviser

ü  Rødming eller hetetokter

ü  Raske, uregelmessige eller hoppande hjarteslag

ü  Dårleg evne til innlæring og til å hugse

ü  Dårleg i matematikk

ü  Blir lett distrahert

ü  ADHD-diagnose

ü  Hyperaktivitet

ü  Rastlaus

ü  Hakking og stamming

ü  Humørsvingingar

ü  Irritabel, sint, aggresiv

ü  Depresiv

ü  Ofte sjuk

 

Testing av matintoleranse

Blod frå eit lite stikk i fingeren blir tørka på små strips og sendt til US BioTek sitt laboratorium i Seatle, USA. Laboratoriet er godkjent av dei amerikanske helsestyresmaktene. I USA blir testar ved dette laboratoriet refundert av dei amerikanske helseforsikringsselskapa. Dette skulle gje ein garanti for høg kvalitet. Analyseresultatet blir frigitt berre når analyse av blodet frå to ulike strips med blod viser minimum 95 prosent samsvar.

Det mest vanlege er å teste 96 ulike matvarer for IgG og IgA. IgG kan testast 6 månader etter at ein har konsumert aktuell matvare. For IgA, som er særleg aktuell ved slimhinneproblem, er tilsvarande tid 3 månader.

Du må gjerne be om testskjema for sjølv å vurdere om du bør få utført testen.