Forsida
 
  TankeFelt Teknikkar
  CITE
  Reconnective Healing
  Den grøne supermaten  Test 4 Life - Omega 3  LGS og matintoleranse  Detox 2010  Dei nye energiane 2010  Aromamassasje  Fotsoneterapi  Klassisk Massasje  Oppretting rygg og nakke
 
  Besøksadresse og kart

Oppretting bekken, rygg og nakke

Arm Refleks (AR) og PEK

AR er ei form for kinesiologi og blir brukt for å teste ut kvar i ryggen klienten har ein energimessig ubalanse. Denne testen dannar grunnlaget for behandlinga med Physio Energetic Kiropraktikk (PEK), og behandlinga tar sikte  på å rette opp den energimessige balansen i området der klienten har sitt problem.

Lock-Foot Whiplash Syndromet

Lock-Foot er ei låsing i fotrota i ankelen mellom leggbein og leddet fram mot 4.-tåa. Ei slik låsing er årsak til ulik stegavvikling på høgre og venstre fot. Det kan ofte medføre at muskulaturen i eine beinet blir stressa. Dermed kan det oppstå ulik beinlengde som følgje av muskulært stress. Whiplash Syndromet kan oppstå ved at dei skrå halsmusklane har ulik tonus (spenningsgrad).

Physio Energetic Kiropraktikk (PEK)

PEK er ein behandlingsmetode for å regulere biofysikalske og nevrale mekanismar i kroppen. Fordi alle ryggvirvlane i kroppen inneheld ulike nervar som går til andre stadar i kroppen, vil ei behandling med PEK vera ei behandling som har effekt på meir enn ryggen.

PEK og ryggproblem?

Når det oppstår ein ubalanse mellom ulike nervefunksjonar frå den enkelte ryggvirvel kan det gi seg utslag som smertefulle spenningar i ryggen. I ein del tilfelle blir også bekkenet skeivt slik at eine foten tilsynelatande ser ut til å vera lengre enn den andre.

Dette er problem som i mange tilfelle kan behandlast med Lock Foot og PEK.

 


Telefon: 715 23 138
Mobil: 905 27 878 (Jon Ingvald)
Mobil: 997 38 133 (Unni)
Adresse:
Røsand, 6530 Averøy
E-mail:
jonike@gmail.com (Jon Ingvald)
underkh@gmail.com (Unni)
© Aqua Naturmedisinske Senter 2010