Oppretting bekken, rygg og nakke
Arm Refleks (AR) og PEK
AR er ei form for kinesiologi og blir brukt for å teste ut kvar i
ryggen klienten har ein energimessig ubalanse. Denne testen dannar
grunnlaget for behandlinga med Physio Energetic Kiropraktikk (PEK), og
behandlinga tar sikte på å rette opp den energimessige balansen i området
der klienten har sitt problem.
Lock-Foot Whiplash Syndromet
Lock-Foot er ei låsing i fotrota i ankelen mellom leggbein og leddet fram
mot 4.-tåa. Ei slik låsing er årsak til ulik stegavvikling på høgre og
venstre fot. Det kan ofte medføre at muskulaturen i eine beinet blir
stressa. Dermed kan det oppstå ulik beinlengde som følgje av muskulært
stress. Whiplash Syndromet kan oppstå ved at dei skrå halsmusklane har ulik
tonus (spenningsgrad).
Physio Energetic Kiropraktikk (PEK)
PEK er ein behandlingsmetode for å regulere biofysikalske og nevrale
mekanismar i kroppen. Fordi alle ryggvirvlane i kroppen inneheld ulike
nervar som går til andre stadar i kroppen, vil ei behandling med PEK vera ei
behandling som har effekt på meir enn ryggen.
PEK og ryggproblem?
Når det oppstår ein ubalanse mellom ulike nervefunksjonar frå den enkelte
ryggvirvel kan det gi seg utslag som smertefulle spenningar i ryggen. I ein
del tilfelle blir også bekkenet skeivt slik at eine foten tilsynelatande ser
ut til å vera lengre enn den andre.
Dette er problem som i mange tilfelle kan behandlast med Lock Foot og PEK.
Registrert tankefeltterapeut MNLH
Naturterapeut / homøopraktikar og biolog
Unni Klubben Håbrekke
Soneterapeut
Diplommassør
Tel: 997 38 133